Irene Tillung med ny musikk til Vossa Jazz

Foto Vidar Herre

Tillung tar med seg Ti på taket og kjem med med nyskrive verk til festivalen!

Ho har verkeleg gjort seg bemerka innan norsk folkemusikk dei siste åra. Ho har gjeve ut til saman ni album, og ho har turnert med artistar som Tindra, Frøholm/Tillung, Maar og Eli Storbekken. Hildersyn (2017) var namnet på debutplata til Ti på Taket – ei omfangsrik gruppe med framifrå musikarar frå ulike sjangrar, sett saman av Tillung. Plata, som vart produsert av Mathias Eick, fekk strålande omtalar frå presse og musikkelskarar landet over.

Irene Tillung kjem til Vossa Jazz med nokre nye, spanande namn «på taket», og ikkje minst: Heilt ny musikk, komponert på bestilling av Vossa Jazz!

Dette seier Tillung sjølv om musikken:

Timannsensemblet Ti på Taket er resultatet av eit ønske om å smelte saman alt eg hadde i min musikalske bagasje. Musikarane eg har med meg har røter i sjangrar som jazz, folkemusikk, populærmusikk og klassisk musikk, og desse ulike musikalske innfallsvinklane er med på å gje lydbiletet djupn og stor spennvidde. Nokre gongar brukar eg musikarane på ein orkestral måte der instrumenta er med å fargelegge og gje klanglege effektar, og tidvis får dei eminente musikarane rom til å boltre seg fritt.

Irene Tillung – akkordeon, komponist
Tore Brunborg – saxofon
Erik Sollid – hardingfele
Erlend Viken – fele og oktavfele
Isa Caroline Holmesland – fiolin
Lise Voldsdal – bratsj og fiolin
Kaja Fjellberg Pettersen – cello
Juhani Silvola – gitar
Ellen Brekken – kontrabass
Pål Hausken – trommer

Sundag 5. april kl. 13.30 i Gamlekinoen.

Kjøp billettar hjå TicketCo

Del gjerne!