Ingrid Haukelidsæter er festivalkunstnar 2023

Ingrid Haukelidsæter

Stavangerkunstnaren er kjend for fargerike, abstrakte og dynamiske måleri og grafiske trykk. Musikk og rørsle er viktige referansar i arbeidet hennar, og ho går langt tilbake i tid for forklare kva rolle musikken spelar i kunsten hennar:

 – Då eg gjekk på Kunstskolen i Rogaland hadde eg målaren Terry Nilssen-Love som lærar, far til jazztrommeslagaren. Han var oppteken av eksperimentell musikk, og gav oss i oppgåve å teikna ei visuell framstilling av musikkstykket «Poème électronique» av Edgard Varèse. Det var ein slags døropnar for meg: Eg høyrde at lydane hadde ulike klangar, former og retningar – at det var rørsle der. Sjølv om eg sjeldan jobbar så konkret med musikk no til dags, er det på ein måte desse tinga eg har jobba med sidan, seier Haukelidsæter.

 Til Vossa Jazz-plakaten har ho valt eit fritt, ope og leikent måleri, som ho føler har noko av jazzen sin fridom og improvisasjon i seg. Biletet har ikkje fått tittel, og Haukelidsæter innrømmer at ho ofte slit med å namngje bileta sine:

 – Biletet er todimensjonalt og står stille, men utfordringen er å laga rom og rørsle der. Eg opplev at biletkunsten er nærmare musikken enn orda, og eg likar ikkje å gje bileta mine titlar. Folk ser ulike ting i bileta mine, så eg vil helst ikkje «låse» biletet med ord. Eg likar opne titlar som gir rom for tolkning, og ofte finn eg slike i musikken, seier kunstnaren.

Ingrid Haukelidsæter har allereie vore på Voss for å sjå på utstillingslokalet, og ho er i gang med arbeidet med å finna bilete som «snakkar samman», og som speler på lag med rommet dei skal henge i.

Utstillinga opnar fredag 31. mars i Voss kulturhus. Vossa Jazz-utstillinga er eit samarbeid mellom festivalen og Voss Kunstlag.

Del gjerne!