Lastar Hendingar

Gard Nilssen Acoustic Unity

  • Denne hending er over.

OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Hildegunn Øiseth Quartet (2 i 1: Hildegunn Øiseth Quartet og Gard Nilssen Acoustic Unity).

 

Sommaren 2019 vart ein skikkeleg tour de force for den travle supertrommisen Gard Nilssen, kjend frå band som Bushman’s Revenge, Cortex, Team Hegdal, Susanne Sundfør, Spacemonkey og Zanussi 5.

Som Artist In Residence for Moldefestivalen gjorde han reint bord med høgt energinivå og eit imponerande tal konsertar med ulike konstellasjonar. Etter festivalen kom to av banda hans ut med fantastiske plater: Bushman’s Revenge og Gard Nilssen Acoustic Unity.

To Whom Who Buys A Record var tittelen på plata til den sistnemnde trioen – eit stikk til lettvinte straumetjenestar og nedgangstidene i platebransjen. Dei som framleis eig ein cd- eller vinylspelar burde verkeleg sikre seg dette albumet. Det er leiken, heilstøypt og halsbrekkande (bokstaveleg talt: sjå video under!) akustisk triojazz, med frisk smak av 60-tal og hardbop. Det som verkeleg gjer inntrykk er kor makeleg og lett trioen får det heile til å høyrast ut, trass all energien og det teknisk svært høge nivået.

Det er ikkje berre Vossa Jazz som elskar den nye plata til Acoustic Unity – platemeldarane i dagspressa var like imponerte:

«Et av årets aller spenstigste jazzalbum» –Audun Vinger, Dagens Næringsliv

«To Whom Who Buys A Record er gjennomført balansekunst på høyt nivå. Acoustic Unity byr på kvalitet i alle ledd.» – Arild R. Andersen, Aftenposten

«Musikk som beviser at inspirasjon fra og andektighet for fortiden ikke er en tvangstrøye for ny kreativitet.» Chris Monsen, Klassekampen

Petter Eldh – kontrabass
André Roligheten – saksofonar
Gard Nilssen – trommer