Merkelappar: gamlekinoen

Pasborg/Storløkken (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz 2017)

Pow-pow-powerduo

Tangentkongen Storløkken og trommemester Pasborg spelte ein legendarisk konsert i foajeen i Gamlekinoen fredag kveld. Her vart vi servert nydelege og nedpå låtar med luskande og lurande Twin Peaks-assosiasjonar. I tillegg fekk vi parafraser over Black Sabbath-hiten Iron Man og geniale Paint it Black av Stones. Publikum var entusiastisk lyttande og lydhøyrt. Føtter trampa takten,… Les meir »

Sigrid Moldestad 15. desember

Me gjentek suksessen frå i fjor og let Sigrid Moldestad invitere til jolakonserten “Vintersong”. Det er tredje året “Vintersong” vert framført og kvart år har hatt sitt eige musikalske uttrykk – og Sigrid set saman eit spesialband for kvar jolaturné. I fjor selde ho ut to fulle kinosalar på Voss, då med klassisk strykekvartett på… Les meir »

Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen

Andektig andremann

Gamlekinoen søndags kveld. Tre hundre og femti i dei raude plysjseta. Heilt knyst. “Eg stend, eg, seddu. Eg stod her i fjor og, seddu.” Henrik Mestad sin Olav H. Hauge-monolog “Den andre mannen i meg” bergtok publikum frå fyrste, perfekte linje. Dei vare saksonfonlydane frå tonemeister Trygve Seim understreka stemningane på mektig vis. Og førestillinga… Les meir »

Fenomenal ferd gjennom lys og mørke, musikalske verder og alle eksisterende kjensler

Stein Urheim entra scena på Gamlekinoen i selskap med ei gruppe beståande av anerkjente og ikkje minst eksepsjonelt dyktige musikarar: Per Jørgensen på trompet, Kjetil Møster på saksofonar, Ole Morten Vågan på kontrabass og Kåre Opheim på trommer og perkusjon. Jazzstjerner mange allereie har kjennskap til, og jammen tok dei med tilhøyrarane til stjernene og… Les meir »

Shamania (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

Ein musikalsk Shaman-Mania

I Gamlekinoen på Voss sat publikum full av forventning, då det frå bakerst i salen kom 10 energiske kvinnelege musikarar i spelande innmarsj, med trommeslagaren og komponisten Marilyn Mazur i spissen. Med utfordrande utforsking av rytmar, tonar og stemme, og med intens utstråling og nærvær i musikken, tok dei publikum med på ei nærast mytisk… Les meir »

Jazzland Night, Vossa Jazz - Foto: Iver R. Finne

Kaudervelsk heksekunst i godtebutikken

I middelalderen ville ein nok anten gjeve Sidsel Endresen helgenstatus eller dømt ho til bålet for demonbesatt heksekunst. Så sterk er krafta i det særeigent melodiøse, kaudervelske jazzspråket hennar – det fekk publikum i Gamlekinoen merka fredag kveld under feiringa av Jazzland-labelet til Bugge Wesseltoft. Ho formidla eit førspråkleg musikalsk univers med umiddelbar kjensle og… Les meir »