Merkelappar: finnesloftet

Kulturvandring

Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet og konsert med TOIVO til Mølstertunet.

Sudan Dudan (Foto: Vossa Jazz/Inga Henriette Undheim)

Lite lys og mykje varme

Det knirka ordlaust i det 700 år gamle treverket då 60 heldige tilhøyrarar fann plassane sine for å røyne makelause Sudan Dudan fylle eit utseld Finnesloft.

Kulturvandring – utseld

Vandringa går frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet.

Undervegs vert det passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria. På Finnesloftet vert det omvising og konsert med Sudan Dudan, på Mølstertunet vert det omvising og kort foredrag om bryggetradisjonar – og smaksprøvar.

Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli

Feiande frynsete frijazz på Finnesloftet

Det var friskt vårlys frå vindauga. Det ruska i veggane. Det var uhemma barnleg leik. Det lukta gamalt treverk. Det var Kresten Osgood på Finnesloftet og det var ikkje til å tru. Melodika og potteplante (påskelilje) var det fyrste me fekk høyra, etterfølgt av plystring, gurgling, knipsing og buldring. Det var skamlaus leik frå ende… Les meir »

Fritt fram i Finnesloftet

Loftet har vore brukt til formidling og konsertar, og under Vossa Jazz vert det atter musikk her. Denne gong med den danske trommeslagaren Kresten Osgood i fri dressur.