Lastar Hendingar

Festivalopnar: Kjartan Fløgstad

  • Denne hending er over.
fredag 22. mars

Kl 18:00

Me er glade for å ha med oss Kjartan Fløgstad på laget til festivalen 2024 og gler oss til å sjå han i meir enn eit oppdrag!

 

Sidan han debuterte som forfattar i 1968, har Kjartan Fløgstad gjeve ut meir enn femti bøker. Bøkene hans – av nærast alle sjangrar – har ved fleire høve vorte omsett til andre språk, og har sjølvsagt vorte prislønna gong etter gong. Det er romanane til Kjartan Fløgstad me kjenner best, men gjennom heile forfattarskapen sin har han dikta songtekstar og samarbeidd med komponistar på kryss og tvers av etablerte sjangergrenser. Me ønsker Kjartan Fløgstad velkomen når han kjem for å opna årets Vossa Jazz!

Opningskonserten

Fredag 22.mars kl 18:00 får me den offisielle opninga frå Fløgstad før festivalen brakar laus vidare med opningskonserten med Øyunn – Aspects. Les meir om opningskonserten her >>

«I lys og loge» – tingingsverk av Gabriel Fliflet

Fredag kl 20:00 kan du få med deg Fløgstad sine tekstar i songsyklusen i urframføringa av tingingsverket til Gabriel Fliflet i Gamlekinoen.

Litteraturfrukost

Start sundagen med ein litterær frukost på Café Stationen kl 09:00 saman med Kjartan Fløgstad, tonesett av den eminente Ole Morten Vågan. Det vert ein enkel frukostbuffet, som supplement til den andelege føda. Les meir om litteraturfrukosten her >>

Eldrejazz

Kl 14:00 sundag 24.mars vert det slåttar frå Hardanger, Voss og ein smak av England når Mjøs/Sørheim/Wolski Trio kjem til Velderdssentralen for å spela på Eldrejazzen. Musikarane opnar døra til si musikalske leikegrind, kor dei saman skapar eit innbydande musikalsk landskap av durspel, hardingfele og siter. Mellom musikken vert det opplesing av Kjartan Fløgstad. Les meir om eldrejazzen her >>