Eva Weel Skram avsluttar årets Vossa Jazz

Foto Julia Marie Naglestad

Eva Weel Skram var tidlegare kjend som songar og låtskrivar i den suksessfulle popduoen Eva & The Heartmaker, saman med ektemann og gitarist Thomas Stenersen. Deltakinga på TV-programmet «Hver gang vi møtes» vart eit vendepunkt for Sogndals-jenta, som fann ny inspirasjon og ei ny musikalsk retning ved å synga og skriva på morsmålet.

I 2018 kom albumet Finne heim med ein eigne låtar, stev og vakre versjonar av låtane til artistar som Ole Paus og Henning Kvitnes. Ho har verkeleg treft ei nerve hos det norske musikkpublikummet med stemningsfull og harmonisk musikk i skjæringspunktet mellom pop, visesong og folkemusikk.

Park, Vossasalen sundag 5. april kl 20.30

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Velkomen!

Del gjerne!