Lastar Hendingar

Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli

  • Denne hending er over.
laurdag 13. april

Kl 12:00

Erlend Apneseth Trio kjem til Vossa Jazz for å feire slepp av ny plate! Med dei to føregåande albuma på plateselskapet Hubro har trioen teikna opp eit heilt nytt landskap i grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sidan debuten i 2016 har dei blitt rost opp i skyene av både norsk og internasjonal presse, blitt nominert til to spellemannprisar og turnert omfattande både i Noreg og utlandet.

På dette prosjektet har dei utvida besetninga med akkordeonisten Frode Haltli, kjent som ein av våre fremste samtidsmusikarar. Han har eit utal innspelingar og samarbeid bak seg i fleire sjangrar, ofte med folkemusikken i botn – som hans seinaste kritikikarroste prosjekt «Avant Folk», som òg spelar på Vossa Jazz 2019. Det er duka for eit heilt spesielt møte mellom nokre av dei fremste utøvarane på den eksperimentelle scena i dag.

Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – barytongitar, elektronikk
Øyvind Hegg Lunde – trommer, perkusjon
Frode Haltli – akkordeon
Thorolf Thuestad – teknikk

English:
Welcome to a release concert with Erlend Apneseth Trio! With the last two albums on Hubro records, the trio has found their own unique expression by combining elements from Norwegian folk music, jazz and experimental music. For this new album they have teamed up with accordion virtuoso Frode Haltli. We look forward to hearing fresh, exciting musick from this experimental trio-turned-quartet!