Brunsjkonsertar: Benedicte Maurseth og Annlaug Børsheim

luken20

Tre Brør Café opnar dørane og kaffikannene for å ta imot stinn brakke!

Laurdag føremiddag:
Benedicte Maurseth frå Eidfjord byrja å spele hardingfele då ho var sju år gamal og tradisjonsmusikken frå Hardanger er hennar. Songen har vorte tydelegare med åra og ho arbeider med mange av dei fremste kunstnarane på tvers av sjangrar. I 2007 kåra Rikskonsertane henne til ”Årets Unge folkemusiker”. I 2009 komponerte ho musikken til teaterversjonen av ”Andvake” ved Det Norske Teatret noko som slo særs godt an hjå kritikarane.

Sundag føremiddag:
Annlaug Børsheim er endå ein harding med folkemusikkevnene i orden. Multiinstrumentalisten frå Ulvik syng spelar hardingfele fem-strengs fele gitar og det vesle indiske drone-harmoniumet shruti-box. Ho hentar mykje direkte frå folkemusikken og serverer det i meir eller mindre bearbeida former. I 2010 kom ho med si fyrste soloplate November. «Noe er sart og betagende noe er drivende oppglødd mens annet har et fandenivoldsk preg. Stemmen er skjør og klangfull» skreiv Svein Andersen i Aftenposten.

Nemnte me stinn brakke? Her må ein vera svært tidleg ute for å få plass!

Benedicte Maurseth – fele vokal viola d’amore

Annlaug Børsheim – vokal gitar feler

www.maurseth.net

www.myspace.com/annlaug

 

Del gjerne!