Merkelappar: badnajazz

Badnajazz, Good Time Charlie (Foto: Vossa Jazz/Amalie Johannesen)

Fullt sirkus i kulturhuset på laurdag

Good Time Charlie og elevar frå Gullfjordungen skule fylte kulturhuset med humor, dans, groovy badnablues og engasjert allsong laurdag ettermiddag. Arle Hjelmeland var sirkusdirektør for høvet og hadde full kontroll over manésjen. Med store gestar, humor, barnleg fantasi og overtydande formidlingsevne fekk han alle med på notane. På fremste rad trampa gallopperande barneføtter takta så… Les meir »

Badnajazz (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

Blåtogparade med Badnajazz

Badnajazzkoret, med god hjelp frå Mads Berven trio og Einar Sogstad, inviterte til storkonsert og sundagsgymnastikk i Vossasalen med badnatingingsverket “Ka så!”. Den fornorska versjonen av Blue Train (John Coltrane) sparka igang ein time med fest og moro for oppmøtte i alle aldrar. “Me køyrer blåtog, og det er plass til deg og” song dei,… Les meir »

Leiken og inkluderande badnajazz

Etter utekonserten og påfølgjande jazzparade var både born og artistar klare for meir moro og leik i Voss Kulturhus laurdag føremiddag. Først ut var Roald Kaldestad som inviterte til kurs i heavy guitar saman med heavy-katten og discodansemusa. Her fekk alle prøva seg på rocke-positurar og «head banging» – og det var tydeleg at dei… Les meir »

Badnajazz: Good Time Charlie

Med platene «Draumeblues og blåsus» og «Jubel og skrubbsår» har landet sitt leiande blues/r&b-band vist at dei kan kunsten å nå fram til musikkglade born. Med sleipe, smidige riff og rytmar og fengjande og humørfylte tekstar på sunnfjorddialekt om traktorar, kenguruar, rakettsjåførar, snømenn og hytteboogiewoogie kan me faktisk garantera allsong og dans på Badnajazz i år! Det er ekstra… Les meir »

Badnajazz: Vegard Markhus

Forfattar, illustratør og lærar Vegard Markhus har gjeve ut fleire biletbøker for born.