Merkelappar: andreas bye

Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard

Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste. Gruppa har vorte viden kjend for sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fire strålande album og konsertar i inn- og utland.

På sisteplata «Perfectly Unhappy» frå 2018 tok gruppa steget ut av trioformatet saman med stjernesaksofonisten Andy Sheppard.

Torun Eriksen

Torun Eriksen er Noreg sitt svar på Joni Mitchell. Ho har ei av desse spesielle stemmene som ein aldri vert lei av å høyre på – den perfekte blandinga av distinkt særpreg, strålande teknikk og uanstrengt musikkglede.