Merkelappar: anders bitustøyl

Jolajazz 2018

Laurdag 29. desember er det duka for Jolajazz 2018 på Park Hotel Vossevangen! Kjøp billettar til Jolajazz hjå TicketCo. Kl. 15.00 vert det Badnajolajazz i Vossasalen med Bervens Jolalåteri og Badnajazzkoret Jolalåteriet og Badnajazzkoret framfører ein familiekonsert med tradisjonelle jolalåtar i reggae-, ska-, funk- og softrockversjonar. Konserten er ein syng-med-konsert med tekstar som vert viste frå scena. Repertoaret består av jolalåtar som er kjende for borna,… Les meir »

Badnajazz (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

Blåtogparade med Badnajazz

Badnajazzkoret, med god hjelp frå Mads Berven trio og Einar Sogstad, inviterte til storkonsert og sundagsgymnastikk i Vossasalen med badnatingingsverket “Ka så!”. Den fornorska versjonen av Blue Train (John Coltrane) sparka igang ein time med fest og moro for oppmøtte i alle aldrar. “Me køyrer blåtog, og det er plass til deg og” song dei,… Les meir »

Sigrid Moldestad (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Stunder som dette er alt vi treng

Det ramla inn med folk i Gamlekinoen denne fredagskvelden på Voss. Ikkje eit sete var tomt, og folk stod langs veggane. Forventingane var høge, men ikkje utan grunn: Sigrid Moldestad er kjent for å levere framifrå konsertar, og hennar nyaste album har fått svært fine kritikkar. Dronning Moldestad vann definitivt hjarta til publikum i det… Les meir »

Eldrejazz: Mads Berven Gamleskulen

Gitarist Mads Berven er kjend frå eit utal ulike prosjekt og band med høg musikalsk kvalitet og god stemning som ein fellesnemnar.

Badnajazz: Poesislam

Taro Vesetøl Cooper – slampoet Guro Sibeko – slampoet Sigrid Moldestad – fele, vokal Bjartur Gudjonsson – beatbox Anders Bitustøyl – bass Badnajazzkoret Vossaungdom – tekst