Arkiv: Nyhende

Vakker salmejazz i Nain

Bjerkrheim-jazz vart ei vakker oppleving for dei mange oppmøtte i Nain på sundag. Dei sterke tekstane til Trygve Bjerkrheim vart framhevd av Ole Arne Steinkopf sine jazza melodiar og arrangement. Frøydis Grorud (saksofon/fløyte) og resten av bandet sørga for eit stødig svingande komp og nydelege soloar mens Ole Strøm og Marilen Jørgensen Våge overbeviste med… Les meir »

Vaog!

Dei er ikkje så store men kva gjer vel det? Publikum var solgt frå første takt av ein kollektiv ovsjarm frå ein strålande gjeng med lokale songtalent. Badnajazz tingningsverket i år har sitt utspring i CDen “Eg è liten eg men eg vaoga meg”. Den inneheld 16 folketonar frå Voss. I Vossasalen var det nær… Les meir »

Badnajazz-prisen til Olav Undeland

Årets Badnajazz-pris gjekk velfortent til Olav Undeland. I grunngjevinga kjem det fram at årets vinnar har vore med og jobba for å gje born musikkopplevingar for av og med born i ei lang årrekkje. Her er det snakk om konsertar musikkverkstader paradar og mykje meir. Prisvinnaren har også stor kunnskap om musikk som han deler… Les meir »

Vedunderlege Wunderkammer

Wunderkammer sine austlege suggererande rytmar runda av laurdagen i stor stil! Eit fullsett Pentagon lot seg driva med av den fengjande musikken som må kallast noko slikt som balkansk popcountry. Fem glade karar og ei taus moste på med ein monsterkonsert av de sjeldne og kjapt breidde ei sveitt og lifleg stemning seg over salen…. Les meir »

Pulserande musikk som osar adrenalin

Ein buldrande dynamisk bass spreidde seg gjennom golv og veggar då Pelbo på fleirstemt og rocka vis synte det yre jazzpublikumet korleis ein med dristig tuba funky trommespel og sensuell vokal skapar pulserande musikk som formeleg osar av adrenalin. Frekvensen vert fanga opp i det stadig meir laussluppne og velvillige publikumet som ivrig let hendene… Les meir »

Hardinghiphop

Dei rutinerte folkemusikarane Annlaug Børsheim og Ranveig Djønne drog igang (eit pratsamt) Pentagon med nyskrive materiale laurdag kveld. Publikum fekk oppleve nydelege melodiar og inderlege tekstar som me knapt kan venta på å få nedfelt i rillar og innlemma i platesamlinga. Deretter entra Tommy Tee og Son of Light scena med slagkraftig hiphop. I tredje… Les meir »