Arkiv: Nyhende

Spellemann til Helge Lien trio og Real Ones!

Laurdag kveld mottok Helge Lien trio Spellemann i klassen jazz for albumet “Hello Troll”. Real Ones fekk prisen i klassen pop for deira album “all for the neighbourhood”. Begge vitjar Vossa Jazz laurdag 4. april me gler oss og sender dei varmaste gratulasjonar!

Ungdom + jazz= sant

Vossa Jazz tok hausten 2007 initiativ til å starta ei satsing for ungdom som ville læra å spela instrument der fokus var jazz og rytmisk musikk. Litt over eitt år seinare stod sju band på scena under Jolajazz; fem jazzband og to rytmiske. Det er John Taylor og Jonas Vedde Ødegård som er instruktørar for… Les meir »

(H)jul i garasjen

Årets Badnajolajazz samla born og vaksne til tøff garasjerock med Good Time Charlie- og kva skal ein med nisse når ein har ein god gamal SAAB i “garasjen”? Bandet spelte kjende og ukjende låtar i fengande innpakning; her var det både jolesongar og sjølvsagt kom hiten ”Nede på stasjonen” i GTC-stil. Ein flott konsert til… Les meir »

Jolajazz

5. joledag er det på Voss det skjer: Kvart år skipar Vossa Jazz til Jolajazz. Festivalen lokkar med god musikk og god steming. Jolajazz 2008 kunne lokka med noko for einkvar smak; unge talent i Night lights og Smiletones med Olav Dale som gjest standardjazz med Galkov trio og garasjerock med Good Time Charlie. Trøkk… Les meir »

Grammy-nominerte DEBASHISH BHATTACHARYA opnar Vossa Jazz 2009!

Den indiske slidegitaristen Debashish Bhattacharya er det store nye namnet på den internasjonale gitarhimmelen om dagen. Nyleg vart han Grammy-nominert for beste verdsmusikk-album med “Calcutta Chronicles: Indian Slide Guitar Odyssey”. Gitarspelet hans kan samanliknast med korleis Ry Cooder spelte på filmmusikken til «Paris Texas» men med klåre indiske element. Han er eit teknisk unikum og… Les meir »

Tingingsverk med Solveig Slettahjell

Solveig Slettahjell er etablert som ein av Noregs fremste og mest spanande jazzvokalistar. Med bandet Slow Motion Quintet etablerte ho frå starten i 2001 eit svært særprega uttrykk. Utgangspunktet var å utforske mogelegheitene i å framføra låtane sakte; jazzen sitt svar på ”slow food”-røyrsla. Gjennom fire plateutgjevingar og ei rekkje konsertar har ho og bandet… Les meir »