Arkiv: Nyhende

Feststemning med Räfven!

Räfven spela laurdag sin tredje konsert på Vossa Jazz og det er ikkje utan grunn at dette bandet har fått så mykje speletid. Dei er ein eksplosjon av eit sceneband med godt humør og blei fort ein av publikumsfavorittane på festivalen. Den uhøgtidelege og energiske væremåten på scena smitta over på publikum som hadde vanskelig… Les meir »

Deodato Siquir & Balanco

Laurdag kveld var det duka for afrikanske rytmer i Vossasalen og frontmann i bandet Deodato Siquir overbeviste publikum med sine sterke komposisjonar. Eit av høgdepunkta var då Jorge Bezerra viste sin briljans på perkusjon til stor jubel for publikum. Deodato Siquir & Balanco viste ei enorm speleglede gjennom heile konserten noko som smitta over på… Les meir »

Roy Nathanson’s Sotto Voce

Vossa Jazz lova ei oppleving av dei sjeldne og Nathanson leverte ei herleg blanding av dikt song og improvisasjon. Med lun humor og personlegdom leia han eit jazzkresent og engasjert publikum gjennom refleksjonar over livet og turar på undergrunnen. Publikum visste kva dei kom for og Nathanson skuffa ikkje. Frå scenen kom leiken improvisasjon og… Les meir »

Anekdote-meisteren

Den største overraskinga under konserten med Jan Eggum var nok at Karin Park tok turen opp på scena for å synge ein av sine Eggum-favorittar. For elles var det akkurat slik det skulle vere på ein Eggum-konsert. Kjente og kjære melodiar kom på løpande band berre avbrote av små historier som artisten meir enn gjerne… Les meir »

Individualistanes time

“By any means”  med Rashied Ali William Parker og Charles Gayle er i høgste grad med på å gjere Vossa Jazz til ein jazzfestival som ein skal rekne med. Dei tre karane har i ei årrekkje dominert den moderne jazzen på kvar sin måte og laurdag sto dei tre saman på scena i Fraktgodsen framfor… Les meir »

Nydelege tonar på Hanguren

Svært mange hadde funne vegen opp til gratiskonsert i Hangurskafeen laurdag ettermiddag. Trioen med Ivar Kolve på tangentar Karin Park på Vokal og Ole Marius Sandberg på kontrabass framførte roleg melankolsk jazz og vakre viser. Det heile blei ein flott konsert med dyktige musikarar og god stemning og Hanguren som perfekt ramme rundt det heile…. Les meir »