Arkiv: Nyhende

Ein månad igjen

I dag onsdag 3. mars er det éin månad igjen til årets festival! Arne Hjeltnes står for den offisielle opninga – i Vossasalen fredag 3. april kl. 19:00 – rett før konserten til Grammynominerte Debashish Bhattacharya frå India.  Billettsalet er godt i gang og musikarar og medarbeidarar førebur seg til ei opplevingsrik palmehelg på Voss – for… Les meir »

Nordisk meister i folkemusikk til Vossa Jazz

Felespelaren Olav Luksengård Mjelva i gruppa Sver vart nyleg kåra til Nordisk meister i folkemusikk. Deltakarane frå Finland Danmark Sverige og Noreg tok utgangspunkt i folkemusikk frå heimlanda sine og Mjelva spelte både fele og hardingfele. – Ein slik konkurranse er ein fin måte å få vist seg fram som musikar på seier Mjelva. Ein… Les meir »

Gjensyn og nyskaping på programmet

Etter forsmakar på programmet i Vossa Jazz sin årvisse jolakalender er no heile programmet klart. Spanande konstellasjonar og komande stjerner er viktige delar av profilen vår. Vossa Jazz 2009 har eit knallsterkt og internasjonalt program med jazz og folkemusikk i verdsklasse.  

Gjensyn og nyskaping på programmet

Gjensyn og nyskaping på programmet for Vossa JazzEtter forsmakar på programmet i Vossa Jazz sin årvisse jolakalender ligg no heile programmet klart. Festivalen vert sparka i gang av Arne Hjeltnes og Grammy-nominerte Debashish Bhattacharya. «Spennande konstellasjonar og komande stjerner er viktig del av profilen vår. Vossa Jazz 2009 har eit knallsterkt og internasjonalt program med… Les meir »

Pressemelding – Ekstremjazz 2009

Foto frå Ekstremjazz 2007 Jon Balke i aksjon på Vangsvatnet Årets Ekstremjazz er eit samarbeid mellom Jon Balke Batagraf og dansekompaniet Wee leia av italienske Francesco Scavetta. Dei skal framføra ”Salto – Goodbye have a safe journey and follow your heart”. Dette vert ei spektakulær utandørs konsert-framsyning med dansarar og utøvarar frå ekstremsport og akrobatikk… Les meir »

Plateaktuelle Silje Nergaard til Vossa Jazz!

Måndag kom Silje med plata “A Thousand True Stories”. Plata har motteke gode omtalar og Hanne Farestvedt i Bergens Tidende skriv mellom anna: “Silje Nergaards klart beste utgivelse så langt”. Dette lovar godt for konserten på Vossa Jazz! Sundag 5. april klokka 19:00 går Silje med band på scena i Vossasalen billettsalet er igang!  … Les meir »