Arkiv: Nyhende

UNGjaJAZZja!-prisen til Smiletones

Den første UNGjaJAZZja!-prisen i regi av Vossa Jazz gjekk til det lovande vossabandet Smiletones. Med i bandet er Børge Styve Anders Fretheim   Tarjei Kjerland Lienig og Håvard Havro Bjørnstad. Prisen på 10.000 kr vart overrekt av Steinar Hjørnevik representanten for Vossa Jazz lauget som er hovudsponsoren til Vossa Jazz. Prisgjevinga fann stad sundag ettermiddag… Les meir »

Søndag med Silje

Silje Nergaard er ei begaving på scena og ho klarar ved hjelp av si sterke stemme å fanga tilhøyrarane frå første stund. Vossasalen var fyllt til randa av eit forventningsfullt publikum og med ei samling av profesjonelle musikarar var det ingen tvil om at Nergaard skulle innfri. Musikarane med Helge Lien i spissen sørga for… Les meir »

Ab und Zu og BBB i fabelaktig symbiose

Ab und Zu med Bergen Big Band serverte smektande rytmar i Fraktgodsen sundag. Fullsett scene og fullsett sal møttes i eit nydeleg jazzorientert landskap. Arrangementa gjekk frå beinhard elgitar ei stund til ekte storbandfeeling neste. To trommesett ei blåserekkje av dimensjonar saman med nydeleg vokal imponerte og bevegde eit eklektisk publikum.

Storband og jazzband i Pianobaren

Pianobaren blei nok ein gong fullsett sundag ettermiddag denne gongen for å høyre på lokale heltar. Kåre Kolve briljerte på saksofon akkompagnert av eit svært samstemt Voss Storband. Etterpå entra Garasjen Jazzband scena og den aldersblanda gjengen imponerte!

Varmt frå Opsahl og Gustavsen

I Vangskyrkja samla Carl Petter Opsahl og Tord Gustavsen inn til ein stemningsfull og vakker konsert søndag ettermiddag. At dei sjølve nytte kvarandres soloar og musikk var tydeleg noko som hurtig smitta over på dei oppmøtte som kjapt vart involverte. Røyrande og til tider humoristisk teikna dei med kjenslar og musikalske fargar som er blues… Les meir »

Sjelfullt i Osasalen

Wu Fei trakterar det kinesiske strenginstrumentet guzheng. Den klare klangen i instrumentet sette stemninga saman med regnet utanfor. Den kraftfulle stemma bar godt i Osasalen med eit lydhøyrt publikum som visste å respektera den vare stemninga. Opp i alt det forsiktige så var det ei kraft som gjekk gjennom heile framføringa – ein perfekt sundagskonsert.