Arkiv: Nyhende

No får det vera rock!

21. oktober var det Badnajazzkonsert på Tre Brør Café med “No får det vera rock!” Fiskar og elefantar og kjende rockelåtar med bergensk vri fekk små og store publikummarar til å synga med. Super konsert!  

No får det vera rock! på Tre Brør Cafe 21. oktober

Badnajazz No får det vera rock! spelte på årets Badnajazz til jubel og glede for store og små. Dei er no attende og Vossa Jazz inviterer med dette til familiekonsert på Tre Brør onsdag 21. oktober klokka 17:30. Bandet består av ikkje mindre enn tre Vossa Jazz-prisvinnarar; Ole Thomsen – gitar og vokal Kåre Opheim… Les meir »

Solveig Slettahjell på turne med Tingingsverket

Solveig Slettahjell og bandet hennar Slow Motion Orchestra reiser i haust på turné i regi av Rikskonsertane med Tingingsverket til årets Vossa Jazz “Tarpan Seasons”. Albumet kom 7. september på Universal. “Dypt rørende tingingsverk med klassikerpotensial”  “Fantastisk formidlingsevne” og “en stor jazzkomponist” skreiv Bergens Tidende etter urframføringa på Voss.   Solveig Slettahjell & Slow Motion… Les meir »

Velkomen til Vossa Jazz verkstad!

Vossa Jazz vil skipa til verkstad med vokalundervisning leia av Berit Opheim Versto. Ho er ein anerkjend folkemusikar som har brei erfaring innan klassisk musikk folkemusikk og jazz. Målgruppa er born og ungdom frå 10 år. Berit vil nytta kjende folketonar og gjennom helga vil ein saman laga nye arrangement for desse songane. Det betyr… Les meir »

Ekstremjazz med Brandseth Ompaniet

Under Ekstremsportveko held Brandseth Ompaniet under leiing av Roy Inge Holtet 25. juni ekstremjazzkonsert på knausar og store steinar bratt over Brandsethelva. Publikum i alle aldrar fekk i strålande sol oppleva ein forrykande konsert med elvebrus kajakkpadlarar og vakker natur som bakteppe. Konserten var eit samarbeid mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz.

Vossa Jazz på stø kurs

Etter gårsdagens oppsummering kunne festivalsjef Trude Storheim og styreleiar Magne Kalstad konkludera med at den 36. i rekka er på høgde med sist år både på billettsal og budsjettmessig. – Tilbakemeldingane frå publikum har vore aldeles fantastiske. For fyrste gong så har me måtta stenga billettsalet på laurdagskvelden noko som tyder på enorm interesse sa… Les meir »