Arkiv: Nyhende

Kulturprisen 2009 til Trude

Trude fekk Voss kommune sin kulturpris! Vossa Jazz sin daglege leiar Trude Storheim vart sundag 6.12. tildelt Voss kommune sin kulturpris for 2009. Det var leiar i utval for miljø og kultur Rigmor Skeie Petersen som stod for utdelinga og i grunngjevinga var det lagt vekt på at Trude syner eit brennande engasjement i alt… Les meir »

Draumkvedet i Vangskyrkja

13. dag jol onsdag 6. januar kl. 19:30 framfører Berit Opheim Versto og Karl Seglem Draumkvedet i Vangskyrkja. Billettsal i døra kr. 150 -.  

Jolajazz

Årets Jolajazz finn tradisjonen tru stad på Park Hotel Vossevangen 29. desember. Det heile startar med Badnajolajazz i Vossasalen kl. 13:00 der Pappabandet held ynskjekonsert! Vidare blir det gratiskonsert med band frå UNGjaJAZZja! i Bula kl. 14:30.Dørene opnar for kvelden kl. 21:00 og då går det slag ut slag utover kvelden og natta; Sister Sadie… Les meir »

Grasrotandel

Kun ein av fire Norsk Tipping-spelarar har valgt sin grasrotmottakar. I 2009 har Grasrotandelen tilbakeverkande kraft dvs. at dersom du vel Vossa Jazz som mottakar får festivalen 5 prosent av alt du har spelt for i heile 2009! Dette kostar ikkje noko ekstra. Gå inn på www.grasrotandelen.no for å lese meir og registrere deg!

Motiverande føredrag 19. november!

Kvifor tek Ole Einar Bjørndalen gull? Dette har nok Øyvind Hammer svaret på. Han er m.a. kjend som mental trenar og motivator for Ole Einar Bjørndalen.  Vossa Jazz inviterer tilsette hjå Vossa Jazz lauget sine medlemmer og andre sponsorar til eit spanande og motiverande føredrag 19. november kl. 17:30 – 20:00. Føredraget handlar om motivasjon;… Les meir »

Trude opnar Osafestivalen

Dagleg leiar i Vossa Jazz Trude Storheim opnar den 19. Osafestivalen i dag 22. oktober. Tema for årets festival er SymbiOsa; Sjangrar og tradisjonar møtast symbiose oppstår i Osas ånd.