Arkiv: Nyhende

Grasrotandel

Kun ein av fire Norsk Tipping-spelarar har valgt sin grasrotmottakar. I 2009 har Grasrotandelen tilbakeverkande kraft dvs. at dersom du vel Vossa Jazz som mottakar får festivalen 5 prosent av alt du har spelt for i heile 2009! Dette kostar ikkje noko ekstra. Gå inn på www.grasrotandelen.no for å lese meir og registrere deg!

Motiverande føredrag 19. november!

Kvifor tek Ole Einar Bjørndalen gull? Dette har nok Øyvind Hammer svaret på. Han er m.a. kjend som mental trenar og motivator for Ole Einar Bjørndalen.  Vossa Jazz inviterer tilsette hjå Vossa Jazz lauget sine medlemmer og andre sponsorar til eit spanande og motiverande føredrag 19. november kl. 17:30 – 20:00. Føredraget handlar om motivasjon;… Les meir »

Trude opnar Osafestivalen

Dagleg leiar i Vossa Jazz Trude Storheim opnar den 19. Osafestivalen i dag 22. oktober. Tema for årets festival er SymbiOsa; Sjangrar og tradisjonar møtast symbiose oppstår i Osas ånd.  

No får det vera rock!

21. oktober var det Badnajazzkonsert på Tre Brør Café med “No får det vera rock!” Fiskar og elefantar og kjende rockelåtar med bergensk vri fekk små og store publikummarar til å synga med. Super konsert!  

No får det vera rock! på Tre Brør Cafe 21. oktober

Badnajazz No får det vera rock! spelte på årets Badnajazz til jubel og glede for store og små. Dei er no attende og Vossa Jazz inviterer med dette til familiekonsert på Tre Brør onsdag 21. oktober klokka 17:30. Bandet består av ikkje mindre enn tre Vossa Jazz-prisvinnarar; Ole Thomsen – gitar og vokal Kåre Opheim… Les meir »

Solveig Slettahjell på turne med Tingingsverket

Solveig Slettahjell og bandet hennar Slow Motion Orchestra reiser i haust på turné i regi av Rikskonsertane med Tingingsverket til årets Vossa Jazz “Tarpan Seasons”. Albumet kom 7. september på Universal. “Dypt rørende tingingsverk med klassikerpotensial”  “Fantastisk formidlingsevne” og “en stor jazzkomponist” skreiv Bergens Tidende etter urframføringa på Voss.   Solveig Slettahjell & Slow Motion… Les meir »