Arkiv: Nyhende

Alperin og Shilkloper i flott samspel

Fredag spelte Misha Alperin og Arkady Shilkloper i Fraktgodsen. Med undrande og utforskande tonar trollbandt duoen publikum med ein fantastisk musikalsk teknikk og eit helt magisk samspel under heile konserten. Fraktgodsen var akkurat fullsatt og musikarane kunne høsta stor applaus og begeistring når dei gjekk fra høydepunkt til høydepunkt og verkeleg fekk vist og delt… Les meir »

Brasil på Voss

Silvana Malta serverte varme tonar og fengande rytmar då ho stod på scena i Vossasalen fredag kveld. Eit våryr publikum let seg forføre av ynde melankoli og ikkje minst frapperande gitarteknikk frå regnskogane i Brasil. Gitaristen Diego Figueiredo skuffa ikkje og heldt det VossaJazz hadde lova; liknande seksstrengs akustisk leik har ein sjeldan høyrt maken… Les meir »

Nytt spennande og nydeleg frå Frøy Aagre

Frøy Aagre er spådd ei svært lovande karriere som saksofonist noko ho beviste til fulle. Ho hadde med seg særdeles kompetente og allsidige kompanjongar då ho inntok Vossasalen fredag kveld. Vakre til tider dristige komposisjonar kom på rekke rad i samspel med trompetist Mathias Eick eller åleine med komp. Publikum fekk presentert eit variert program… Les meir »

Arne Hjeltnes

Arne Hjeltnes opna den 36. Vossa Jazz i rekkja med å framføre eit sjølvskrive dikt. Akkopagnert av Ivar Kolve på saksofon fekk publikum ei musikalsk og humoristisk oppleving dei ikkje kjem til å gløyme på ei stund. TRYKK PÅ BILETET FOR Å LESE ARNE HJELTNES SITT DIKT VossaJazz Midt mellom fjella der verda er vidast… Les meir »

Indisk kvinnehyllest innleia Vossa Jazz

I tradisjonen tru bles Ivar Kvåle Vossa Jazz i gang med Per Indrehus sin fanfare. For full Vossasal meinte Arne Hjetnes det var ei stor ære å få ynskje velkomen til den 36. festivalhelga i rekkja. Vidare presenterte han eit sjølvskrive dikt akkompagnert av Ivar Kolve på saksofon. Debashish Bhattacharya fekk vist seg som ei… Les meir »

Verkstader for ungdom

Etter den fortreffelege konserten i Fraktgodsen var det verkstader for ungdom der dei kreative musikarane frå Jazzlinja i Trondheim var instruktørar. Den sjenerte men kunnskapstyrste ungdomen deltok i den spennande øviinga der dei måtte spela etter gehør i staden for notar. – Det var skummelt men lærerikt å bruka hovudet på ein anna måte enn vanleg sa… Les meir »