Arkiv: Nyhende

Unge jazzmusikarar i storslag

Ungdomssatsinga er eit samarbeid mellom Vossajazz Voss Skulemusikk Rockeklubben Drilljentene og Voss kommune for å pressentere unge og lovande musikarar frå Voss. Dette prosjektet vart ein kjempesuksess med stort oppmøte. Skulemusikken sjarmerte med sine coverlåtar av Beatles og Neil Young kor dei stilte med både elgitar elbass fiolin og full blåserekkje. I tillegg hadde drilljentene… Les meir »

Kjempeoppmøte på Badnajazzen!

Laurdag føremiddag møtte 285 forventingsfulle born og vaksne opp til konsert og leik på Mølstertunet. Før konserten var aktivitetsnivået høgt med blant anna hesteskokasting ansiktsmåling og einhjulsykling på programmet. Aktivitetsnivået gjekk ikkje akkurat ned då Isglem- konserten starta! Terje Isungset og Karl Seglem la opp til ein konsert der publikum i høg grad deltok og… Les meir »

Jazz og sirkus for folket

Badnajazz arrangerte tog frå torget på Vossevangen laurdag føremiddag. Saman med oppjazza foreldre gjekk borna gatelangs til musikken frå nokre av Räfven sine gladmusikantar. Det svenske humorbandet som du óg kan oppleva på Pentagon i kveld spela til dans frå balkongen framføre ei stor gruppe entusiastiske jazzhøyrarar.

Vossa Jazz styrkar miljøprofilen

Slik skreiv avisa «Hordaland» før Vossa Jazz 2008:  «Om du tek deg ein tur rundt om på dei ulike scenene på årets festival vil du finne at dekoravdelinga har vore både kreative og miljøvenlege. Bodskapen er klar: Gå retro bli grøn! – Me ønskjer å rette fokus på verdien i gamle ting og å ta… Les meir »

Farmers Market – mangfaldig briljans

Ein fullsatt og fullståande Vossasalen fekk nett det dei ville ha og endå litt til med virtuosane i Farmers Market. Bandet spelte nye og gamle låtar om ein annan og alle til jubel og applaus. Det etterkvart rutinerte ensemblet hadde med seg ein ny «bonde» Filip Ankov Simeonov på klarinett. Det er vanskeleg å plukka… Les meir »

Nymark Collective med Kristin Asbjørnsen

Då supergruppa Nymark Collective og Kristin Asbjørnsen i 2005 blei invitert til å halde ein tingingskonsert med den gamle blueslegenda Bessie Smith sitt materiale hausta dei stor applaus og merksemd. I går spela dei for jazzglade vossingar i ein vakker konsert med både jazzballader inspirert av Smith og ein del eigenkomponert musikk. Kristin Asbjørnsen har… Les meir »