Nyhende

Superjazz (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)

Superfest og spacejam

Superjazz og palmesundag høyrer saman på same nivå som pepar og salt, gaffel og kniv eller flesk på smør. Ein like spele- og dansesugen gjeng lyt ein leite lenge etter!

Les meir »
Inger Hannisdal Ensemble (Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)

Setesdalen->Orienten->Stasjonen

Toget på «Stationen» tok oss med på ei reise gjennom både vande og ukjende landskap. Den tuffande ljoden frå lokomotivet vart erstatta med ljoden av ein travel marknad på den

Les meir »
Foto: Vossa Jazz/Olav Aga

Isklåre inntrykk

Ut or myrkret trer ein hettekledd skapning, som avdukar det urgamle, det ævelege, ein isskulptur med skjær av blått. Som den var hogga ut av isen frå eit fjellvatn langt nord, som skin som om den ljoser av seg sjølv.

Les meir »
Cloroform (Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)

Oljebransjens brutalitet

«Roughneckane» Fjordheim og Storesund anført av skiftleiar Kaada serverte hardtslåande punkjazz inspirert frå djupna kring Ekofisk. Dykkarklokka og surstofftankane er bytta ut med høvesvis trommesett, kontrabass, gitar, clavinet og rhodes.

Les meir »
Tingingsverket Vindall (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem, Vossa Jazz 2022-7

Realistisk mystisisme

Ein vart fanga i eit lengslande lyrisk landskap, der ein både kunne få assosiasjonar til båtlivet i skjærgarden på sørlandet, tur i eit undulerande landskap eller telting i djupe urskogar.

Les meir »
Kjartan Fløgstad Band (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Fløgstads magiske jazzisme

Casanova, bossanova, jazzanova, vossanova!? Han såg jo ganske fjåg og forsiktig ut, der han liksom blyg gjekk inn på scena med det hattekledde jazzkompaniet sitt, og sette seg på sida. Men det var berre utanpå. På innsida banka ein magisk potpurri av fløgstadsk arbeidarjazz, spelmannsrytmar og intertekstuelle tvangsrim: Det går best det går vest det går nord og ned – takka faen for det!

Les meir »