Helge og vårdagen

Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli
Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli

Helge och Polarna baud på ei berg- og dalbane av kjensler og inntrykk på Eldrejazz-konserten laurdag ettermiddag. Konserten resulterte i smil, tårer og latter hjå den eldre garde. Den kjende og kjære tjuaguten og multikunstnaren var seg sjølv lik, ikledd skinnvest, med skamlaus bergensdialekt, rungande vibrato og sjarm og formidlingsevne herfrå til Ulriken.

Publikum song med, dei klappa og trampa takta og enkelte vart heilt tydeleg rørt. Då bandet sparka i gong Fred Åkerström sin “Jag Ger Dig Min Morgon”, var det som det gjekk ein bylgje gjennom publikum. Alle førebudde seg. No skulle det syngjast med. Då Helge fann fram munnspelet og sola samstundes gjorde sin entré gjennom glaset, vart det brått ein vårdag betre enn nokon annan.

Del gjerne!