presse

Kjartan Fløgstad Band (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Fløgstads magiske jazzisme

Casanova, bossanova, jazzanova, vossanova!? Han såg jo ganske fjåg og forsiktig ut, der han liksom blyg gjekk inn på scena med det hattekledde jazzkompaniet sitt, og sette seg på sida. Men det var berre utanpå. På innsida banka ein magisk potpurri av fløgstadsk arbeidarjazz, spelmannsrytmar og intertekstuelle tvangsrim: Det går best det går vest det går nord og ned – takka faen for det!

Les meir »
Bergen Big Band /m Marius Neset (Foto: Vossa Jazz/Anders Flatlandsmo)

Ute ulte vinden, inne blas det

Ein fullsett gamlekino hadde søkt dekning frå vinden då Bergen Big Band med Marius Neset kom på besøk. Publikum vart møtt av ein vegg av blåseintrument i ein halvsirkel, der

Les meir »
Foto: Vossa Jazz/Olav Aga

Stig sakte, sivande

ute bles vinden
ulande, isande

inne, omkransa 
av eldgamle murar
stig sakte, sivande
sakral song, sval
som vind inn
innst, der inne

Les meir »
Olav Kvernbergs Steamdome (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Dampmaskina mol domen til dansarar

Domen (Vossasalen) vart fylt med damp, ikkje vassdamp, men ein damp samansatt av ein kombinasjon av sprudlande speleglede, basstronomisk perkusjon, gild gitar, taktfulle tangentar og dei mange felene og duppedittane

Les meir »