Vossakveik: Voss – bygd for alle?

Kan me verta banebrytande gode på inkludering?

Vossakveik er seminaret for deg som ynskjer fagleg og sosialt påfyll. Ta med deg kollegaer, kundar eller rett og slett naboen og bli med på ein inspirerande ettermiddag og kveld!

ZAINEB AL-SAMARAI
er jurist, jobbar som kommunikasjonsrådgjevar, er stortingsrepresentant og styreleiar i Holmlia sportsklubb. Ho vil snakka om sine gode røynsler med inkludering i idretten.

AIMAN SHAQUARA
er gründar med suksess. Han arbeider for å gjera norsk næringsliv meir inkluderande og kvalifi sert til å dra nytte av mangfaldet i Noreg.

PELLEGRINO RICCARDI
er tverrkulturell ekspert og kommunikasjonsrådgjevar og har brukt dei 30 siste åra på å reisa kloden rundt for å møta menneske og læra ulike kulturar å kjenna. Gled deg til dette fyrverkeriet av ein motivator!

Det vert eksklusive smakebetar frå Tingingsverket med EIRIK HEGDAL.

Seminaret vert leia av ARNE HJELTNES.

Billetten inkluderer ein matbit og ei eining drikka.
Kjøp billettar hjå TicketCo. Festivalpass til Vossa Jazz gjeld ikkje Vossakveik.

Det vert sal av god lokal mat og drykk. Dørene opnar kl 15:00 og baren held ope utover kvelden.

Velkomen!

Del gjerne!