Vossakveik: Nyskaping og kreativitet

motiv_sau_0

Linda Eide: Skrik og Vigelandsparken
Eit resultat av Nyskaping frå Voss – slik kan ein også sjå det! Linda har til denne Vossakveiken sett nærare på den kulturelle nyskapinga som Voss har tilført det kunstnariske Noreg opp gjennom historia. Eit fascinerande prosjekt med overraskande og ikkje minst informative logikkar!

Stig Roar Wigestrand: Kva må til for å lukkast med nyskaping
Stig Roar har doktorgrad i improvisasjon med fokus på vellukka endrings- og nyskapingsprosessar og er også ein internasjonalt kjent jazzfiolinist. Han er mykje brukt som nyskapings-fasilitator og føredragshaldar.

Gry Sinding: SkapDinDrømmejobb
Gry har lang erfaring frå næringslivet som coach. I dag er ho mest kjent som ein pionér i Noreg med sine online-kurs for gründarar med basis i eiga karrière læring og “dyrkjøpte” erfaringar – både gode og dårlege. Du kan venta deg eit foredrag fullt med energi og engasjement.

Stian Carstensen
Det vert eit eksklusivt musikalsk møte med årets Tingingsverkkomponist; – garantert nyskapande og kreativt!

Pris:
Seminar inkl. lett servering: 300 –
Seminar inkl. lett servering pluss samvere og hjortegryte med eitt glas drykk etter seminaret: 550 –

OBS! Billettsal hjå Billettservice t.o.m. 19. mars: www.billettservice.no / 815 33 133 Posten eller Narvesen. Grupper/verksemder kan bestille billettar hjå gruppeavdelinga til Billettservice: 815 33 321 eller send e-post til grupper@billettservice.no.

Alle er hjarteleg velkomne!

Del gjerne!