VOSSAJAZZ XL – Opningskonsert for festkledd førtiåring

Med forlokkande fagre og fleirstemte kvinnerøyster opna Trondheim Voices den førtiande (!) Vossajazzen med Ståle Storløkken sitt folkeeventyrlege verk ”Ecliptica.” Per Indrehus og Ivar Kvåle sin ”Heime på steinane” vart framført i ny og finurleg drakt  tradisjonen tru framført på lur.

Førtiåringen vart og heidra av spraokmannen Einar Økland som transporterte publikum via ei rulletrapp til det samlande mørkret på Voss der ”somme syng for fyrste gong andre siste det er samme song.”

Og så – opningskonsert! Dei som samla seg i mørkret i Vossasalen fekk oppleva verket Mehlania av stjernepianist Brad Mehldau og trommis Mark Guilana eit drøymande møte mellom det melodiøse og det elektroniske. I ei sampla fantasiverd der elektro-riffa fell som regndropar i ein rytmisk skog fekk publikum vera med på ei leikande og lurande ferd. Musikarane sat på kvar si side av scena og spela slik at lyden møttes på midten og danna eit musikalsk samlepunkt som bukta seg snart høgt snart lågt inn mellom trea forbi mørke basstjern og inn i strålande jazzfunklysningar.