Vossa Jazz søker prosjektmedarbeidar

Vossa Jazz skipar til den 50. festivalen i palmehelga 2023 og me treng utvida laget for å skapa ein heidundrande festival. Me søker ein person som er kreativ, strukturert, sjølvstendig og engasjert.

Engasjementet gjeld 50-70% stilling for hausten 2022 og våren 2023.

Arbeidsoppgåvene vil vera varierte, m.a.:

  • Setja i gang nye prosjekt og vidareutvikla eksisterande samarbeid knytt til Vossa Jazz 50 år
  • Skriva søknader knytt til enkeltprosjekt
  • Jobba med Vossa Jazz-utstilling

Me kan tilby eit spanande engasjement med rom for å påverka innhald og gjennomføring.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Trude Storheim, tlf. 957 61 257. Send søknad til trude@vossajazz.no


Søknadsfrist 15. august. Oppstart og løn etter avtale.

Les meir om:

Artikkel under:

Arkiv