Vossa Jazz med fint overskot i 2007

overskot

Styret i Vossa Jazz har på styremøtet 9. mars handsama årsrekneskapen for rekneskapsåret 2007 og er svært glade for å kunna fastslå at det økonomiske resultatet vart eit overskot på kr. 367 834 -. Styreleiar Magne J. Kalstad seier at dette er resultat av eit målretta arbeid frå alle som engasjerte seg i å gi festvalen ein sikrare økonomisk ståstad. Det gjeld både med omsyn til den økonomiske rednings-aksjonen men kanskje vel så mykje ein fantastisk innsats i gjennomføringa av festivalen.

Det gjeld både med omsyn til den økonomiske redningsaksjonen men kanskje vel så mykje ein fantastisk innsats i gjennomføringa av festivalen i det som vart fokusert på som året då plattforma for framtidig god drift og spennande jazzfestivalar skulle reetablerast. Med dette resultatet har vi nesten halvert den negative eigenkapitalen som Vossa Jazz sat med etter 2006. Samstundes fekk ein gjennom ryddinga i 2006/2007 bort over 800 tusen frå balansen slik at den rekneskapen som nå er vedteken viser at vi er på vei til å få ein sunn økonomi. Frå 2007 vert rekneskap avlagt pr. kalenderår mens den før vart avlagt for året frå 1. juli til 30 juni året etter. Rettvisande oversikt som er vist nedanfor er difor sett opp for gammalt rekneskapsår for 2005/2006 for siste halvår 2006 samt for kalenderåret 2007 som er siste rekneskapsår. Driftsinntektene i 2007 var på nivå med 2005/2006 mens god kostnadsstyring i gjennomføringa av festivalen 2007 resulterte i at vi enda med eit positivt årsresultat.

Del gjerne!