Vossa Jazz i palmehelga avlyst

Gode Vossa Jazz-vener

På dagen eitt år etter avlysinga av Vossa Jazz 2020, lyt me med tungt hjarte diverre avlysa igjen. På bakgrunn av tilrådingar frå styresmaktene og den uvissa me alle står i, vurderer me det slik at det rett og slett ikkje er forsvarleg å skipa til festival i Palmehelga.

Alle kjøpte billettar til årets festival vil verta refunderte.

Det finst heldigvis eit lyspunkt i mørket: me planlegg å skipa til den 48. Vossa Jazz allereie i haust; 24. -26. september!

Dagleg leiar, Trude Storheim, seier:

Me har stått i uvissa i over eit år, men har planlagt for å kunna gjennomføra i Palmehelga. No vart skjera i sjøen for mange og høge og me vel å avlysa festivalen. Men me gjev oss ikkje, no ser me framover og gler oss til å oppleva levande musikk frå fantastiske artistar. Fullstendig program må koma attende til, det er mange detaljar som må på plass.

Del gjerne!