Vidar Busk & His True Believers

vidar-busk-pbilde_rgb

Endeleg! Vidar Busk & His True Believers tilbake på konsertscena! 15 år etter at dei starta er originalbesetninga i bandet samla igjen. Det var med dette bandet Busk fekk gjennombrotet sitt i 1997 med plata «Stompin» Our Feet With Joy» som fekk stor merksemd både i inn- og utland. Plata har ikkje vore å få tak på ei stund men no vert det nyutgjeving og gjenforeining på alle kantar.

Busk er ein av våre finaste bluesgitaristar og klarar med drivande kraft å nå ut til langt fleire enn berre iherdige blues-fans. Med same line-up vann Vidar Busk Spellemannsprisen før dei tok pause.

No lovar Vidar Busk & His True Believers nostalgi og fest med stilriktig blues og gjenhøyr med låtane frå 90-talet samt nytt materiale i «true» True Believers-stil.
Vidar Busk – gitar vokal
Arne Fjeld Rasmussen – munnspel
Rune Endal – bass
Martin Windstad – trommer

In English:
Norwegian rockabilly favourites back on popular demand! 15 years after «Stompin» Our Feet With Joy» the original line-up gathers once again and the album is re-released. Vidar Busk is one of Norway’s finest blues guitarists and manages to appeal to those outside the most ardent blues fans. With the proper teddy boy attitude and severely skilled musicians it’s time to get rockin»!

Del gjerne!