Verdshistoria med humor og snert

mads_berven_-_sigvor_d._mala

Med lydlege effektar og oppjazzing av kjende barnesongar gnei Mads Berven trio søvnen ut av auga på dei oppmøtte i Pianobaren som for anledninga vart omdøypt til Gitarbaren. Både den eldre og den yngre garde fekk ein underhaldande gjennomgang av verdshistoria framført med snert og underfundig humor.

Utdeling av premiar og rungande allsong inkluderte dei langt frå passive borna som gløymde pokemon og Justin Bieber og gav seg hen til noko som kom til å verte ein lærerik og rytmisk affære.

Del gjerne!