Valsen tek Gamlekinoen til nye høgder

fliflet-1_1

Det var kamp om plassane då Gabriel Fliflet og hans mannskap fredag kveld gjenopna Gamlekinoen som Vossa Jazz-scene. Ved å leggja ut i sjelandt segla farvatn presenterte dei sitt musikalske manifest til forsvar for valsen og den utryddingstrua tretakta.

På førehand hadde Fliflet uttala at tingingsverket som hadde fått namnet ”Valseria” skulle visa fram valsen som eit poetisk mjukt men også kraftfullt uttrykk og desse lovnadene er det liten tvil om at han innfridde. Med alt frå trillande flygeltonar klimpring på leikepiano og karakteristisk trekkspel og vokal frå han sjølv samt forførande bass og melodiar frå ei rekkje strengeinstrument (både gitar mandolin feler og harpeleik) frå Kristoffer Chelsom Vogt Jørgen Sandvik og Jorun Marie Kvernberg fekk publikum stifta kjennskap med valsen som eventyr frå alle tenkjelege innfallsvinklar.

Verket vart innleidd av Kjartan Fløgstad-teksten ”Det vi diktar opp skal bli sannare enn røynsle” tonesett til ein varsam vals som såleis frå første stund inviterte til innleving og poetisk dagdraum. Og slik Fliflet sjølv også poengterte i desse er alle slags impulsar like kjærkomne; rumenske og latin-amerikanske så vel som dei frå Gamlekinoen!

Del gjerne!