Utstillinga er opna

Årets Vossa jazz-utstilling som er laga av målar, forfattar, grafikar og jazz-entusiast Tor-Arne Moen, vart opna med talar frå blant anna Trude Hoflandsdal Letnes, musikalsk innslag frå jazzlinja frå Trondheim og ein liten appell frå kunstnaren sjølv.

Mykje stod på programmet før publikum kunne ga inn i den nostalgisk-ski-jazz-inspirerte utstillinga, og publikum fekk mykje att. Det vart snakk om kva som prega kunsten til Tor-Arne, og han nemde sjølv at han hadde køyrd over fjellet med alle måleria, som alle bærer preg av ein jazza kunstnar som jazzar rundt med penselen. Vel møtt til denne innsiktsfulle utstillinga.