Uslepne diamantar i Vossasalen

ungjajazzja_c385dne-1

Freden senka seg over Vossasalen sundag ettermiddag og fram kom dei uslepne diamantane i Peace Love and Swing. Dei har gått frå nybyrjarar med mykje potensial til fullgode jazzarar på særs kort tid.

Peace Love and Swing nytta sjansen til å visa fram eigne komposisjonar og dette er noko me vil høyra meir av. I dag spelte dei eigne favorittar om nokre år er det nok dei som er favorittane.

Desse prisvinnande talenta lyt ein ta vare på og støtta vidare slik at ein om nokre år vil sjå ferdigslepne diamantar. Diamantar som vil ha den heilt spesielle glansen og samstundes den maksimale refleksjonen av lysa frå blitzlampene for populære vert dei.

Kombinasjonen av fine rytmar kjærleik og fred funklar!

Del gjerne!