Urkrafta Mari Boine

16 år etter ho sjølv hadde tingingsverket er Mari Boine tilbake. Ho opnar i eit forrykande tempo med ei av låtane frå det same tingingsverket i 1994 noko mindre nervøs no enn den gong kan ho røpa.

Mari Boine dansar oss gjennom ein gnistrande konsert. Med eit drivande godt band i ryggen leverer ho nye låtar og kjende klassikarar frå ei lang og sterk karriere. Mari Boine tar oss over viddene ned i dalsøkka og viser oss dei majestetiske fjelltoppane i sitt vidunderlege musikalske landskap. 

Med unike instrumentalistar i ryggen er Mari Boine dronninga sjamanen og sjølve urkrafta på scena. Ho er leiken og trygg og gir oss suggererande songar med høgt tempo ispedd rolege nydelege songar om kjærleik og tilmed ein song til Gud.