UNGjaJAZZja-prisen til Nightlights

ungjajazzjac_adrian_sognen_-_vossajazz_1_of_7

Juryen grunngjev prisgjevinga slik: ”Dette bandet har vore aktive lenge og heilt frå starten av har me har opplevd dei på ulike scener i bygda. Bandet har vist ei imponerande utvikling den siste vinteren til å meistra og improvisera over stadig meir krevjande komposisjonar. Dei har med andre ord musikalske kvalitetar som gjer dei til viktige inspirasjonskjelder for andre ungdommar i bygda.” Blant kriteria for prisen er at han skal gå til det ungdomsbandet eller den musikaren på Voss som har markert seg mest positivt det siste året. Vidare er musikalsk utvikling engasjement for musikk og spreiing av musikkglede for seg sjølv og andre viktige element i vurderinga. Bandet frå Voss Jazzskule består av Arne Toivo Fjose Sandberg Elisabeth Lid Trøen Kim Christer Hylland og Viljar Dyvik Sellevold.

Del gjerne!