
Unge jazzarar når nye høgder
Ein full festsal vart vitne til eit møte mellom dei mange unge lovande jazzarane frå Voss Jazzskule og dei rutinerte musikarane i Subtrio med sjølvaste Paolo Fresu som prikken over i’en. Dei sistnemde utgjer eit drivande dyktig jazzensemble som i samarbeidsnumra heva dei imponerande flinke jazzelevane til nye høgder! Får desse talenta fortsetje å utvikle seg med artistar som Paolo Fresu og Subtrio som læremeistrar går både Voss og Jazz svært gode tider i møte!
17. april 2011
Les meir om:
Artikkel under: