Triveleg Jazzprat

odin_dronen-1673

På ein elles regnfull morgon på Voss var det stas å komma inn i ein heimekoseleg foaje i gamlekinoen der folk hadde benka seg på gamle bestemorsmøblar og eimen av kaffi hadde manifestert seg i lokalet.

Dei vel førti frammøtte kosa seg med mimring gjennom Vossa Jazz si 40-år lange historie framført på ein flott og humoristisk måte av det legendariske tospannet Jan Granlie og Lars Mossefinn med hjelp av video- og lydklipp frå attgløymde arkiv.

Sjølv regnet verka gløymt hjå det trollbunde publikumet.

Del gjerne!