Tidlause, vyrdsame danskar vekka åtgaum i festsalen

Sjeldan, om aldri, har så mange vossajazzarar lytta med meir årvåkne øyrer og lukka auge. Me treng slike konsertar, var det nokre publikumarar som sa: «dei har så god tid, i ei tid der alle hastar av garde». 

Anført av ein briljant Jakob Bro fortrylla kvartetten beståande av legendariske Palle Mikkelborg, kaptein Thomas Morgan på kontrabass og den eminente batteristen Jorge Rossy oss inn i stille eufori. Den jordnære trioen i samspel med dei svevande, luftige tonane frå flygelhornet til Palle fekk alle til å nikka annerkjennande og å gløyme tid å stad.  

Musikantane hadde tydeleg umåteleg respekt for kvarandre med nikk, latter og «åååh» og «jaah»-lydar, samtundes som Palle tusla rolig mellom dei ulike medmusikantane. Ein kunne og sjå audmjuke hjå musikantane, til dømes då dei takka lyd- og lysmannen på veg av scenen. 

Ekstranummeret(!) var påkrevd då publikum  vart verande utan å gjere teikn til å gå. Dei kunne ikkje få nok av dei vyrdsame danskane.