“Sildrande” på plate

5. august kom «Sildrande», som var tinga til Vossa Jazz 2017 og urframført i Gamlekinoen, på plate! Verket hadde ei fantastisk besetning, på innspelinga er desse med:

Terje Isungset – trommer, perk, munnharpe mm, Arve Henriksen – trompet, vokal, elektronikk, Morten Qvenild – ymse strengeinstrument, 
Sissel Vera Pettersen – vokal, saksofon, elektronikk, Mats Eilertsen – bass, Nils Økland og Mads Eden – feler, Gunnar Halle 
– trompet, vokal.

Verket fekk strålande mottaking både hjå publikum og presse. All About Jazz skreiv mellom anna: 
Terje Isungsets use of wood, stone and water – the most primordial of instruments-brought an organic element to an ensemble featuring fiddles, jazz instrumentation and electronics on the stunning premier Sildrande.

www.terjeisungset.no