Plakat 2017

Tatiana Stadnichenko.
Som kunstnar er russiske Tatiana Stadnichenko oppteken av dei fysiske og mentale grensene til urbane miljø. Korleis former det moderne bylandskapet vår identitet, livsstil og oppførsel? I ei tid prega av globalisering, innvandring og kulturell utveksling er dette viktige spørsmål, som kunsten kan og bør ta tak i og utforske. Vossa Jazz-utstillinga til Stadnichenko skal ha tittelen «Shifting land», og vil vera fokusert på video- og lydkunst.