Det femtiande året med Vossa Jazz er snart historie
Med stor kjærleik ynskjer vi å takka alle for eit fantastisk år! 50-årsjubileumsfestivalen var den største i historia med 59 tilskipingar der i alt 40 band medverka; 232 profesjonelle musikarar pluss 20 studentar frå to av dei høgare utdanningane innan jazz i Noreg deltok. Me hadde som alltid ein god miks av profesjonelle og amatørar i sving med 21 musikantar i Voss storband og over 140 born og unge frå mellom anna Voss skulemusikk, Voss kulturskule, Voss gymnas, Voss vidaregåande skule, Voss Folkehøgskule, ungdomshuset og ungdomsklubben Vangsgryto. Saman sytte desse flotte artistane for store musikalske opplevingar frå 24 ulike scenar. Det var 13 038 betalte konsertbesøk. Med godt besøk på gratiskonsertar, gjester, akkreditert presse, musikarar og medarbeidarar hadde festivalen total om lag 19 460 arrangementsbesøk. 251 knallgode medarbeidarar sytte for at gjennomføringa av Vossa Jazz 2023 gjekk på skjener.
For alle som ynskjer å minnast heile historia vår, så er det laga ei jubileumsbok som skildrar denne i tekst og bilete. Boka kan vi tilrå!

Ord kan ikkje skildra kor glade vi er for alle som har vore med på kvar sine vis.
Tusen hjarteleg takk!
Vossa Jazz-lauget
Gjennom mange år har eit flott knippe verksemder på Voss vore våre trufaste støttespelarar. Desse var særs rause i jubileumsåret og overrekte til og med ei ekstra gåve på jubileumsfesten. Til alle vil vi retta ein særskilt takk!
Kulturpris
På jubileumsferiringa fekk vi ei stor overrasking då Håvard Skattum leiar for utval for Kultur og næring i Voss herad gav oss årets kulturpris. Dette set vi sjølvsagt stor pris på og vil henge treskulpturen godt synleg på kontoret. Vi må også seie at vi er ganske imponerte over at dei klarte å halda dette hemmeleg. Voss herad er ein viktig støttespelar for Vossa Jazz, og vi vonar at dette samarbeidet berre vil utvikle seg vidare i åra som kjem.

Foto: Thor Morten Trå
Sagn på NRK
Sagn – tingingsverket urframført i 1990 og gjennoppført under 50-årsjubileumsfestivalen er endeleg på NRK! Det ligg alt i spelaren på lenkja under, og kan også opplevast lineært i kveld 28. desember klokka 23:15 på NRK 1!
Arild Andersen, Bugge Wesseltoft, Bendik Hofseth, Frode Alnæs, Kirsten Bråten Berg og Thomas Strønen leverte ein framifrå konsert! Sjå den her.

Foto: Per Ole Hagen
Jubileumsåret går mot slutten. 50-åringen Vossa Jazz er blitt feira med ein strålande festival, utstilling på Mølstertunet, bok, bursdagsfeiring den 19. desember med Knut Reiersrud og Iver Kleive i Vangskyrkja og flott jubileumsfest på Mølstertunet. Bli med oss på det siste stuntet i år på Jolajazzen fredag 29. desember!
Retteleg Godt Nytt År!
– Hilde Magnusson, styreleiar i Vossa Jazz
Takk for i år og velkomne på Vossa Jazz 2024 i palmehelga 22.-24. mars!