Takk for i år!

Foto: Ådne Dyrnesli
ÅdneDyrnesli-001

Det er alltid med litt vemod me riggar ned scenar, backstage, hotellrom og Vossa Jazz-vimplane frå gatene. Inntrykka ligg framleis og vakar framme i pannebrasken, og det er som om musikken enno lyder inni hovudet. Den 45. festivalen var ein minnerik festival. Heldigvis kjem den 46. ein vakker dag! Desse vakre dagane kan like godt merkast i kalendaren fyrst som sist – palmehelga fell i 2019 på datoane 12.–14. april. I mellomtida kan du sjå alle dei fine bileta som vart tekne av dei frivillige fotografane våre. Tusen takk til alle som har bidrege, både frivillige, musikarar, sponsorar, samarbeidspartnarar og publikum. Sjåast på Jazzen igjen!

Del gjerne!