Ta Vossa Jazz-toget 2016!

Fredag 18. mars tøffar “Vossa Jazz-toget” ut frå perrongen i Oslo kl 08:25. Frå Bergen er det lokaltoget kl 16:58 som vil ha litt ekstra sprell på vegen til Voss.

Dersom du ynskjer plass i Vossa Jazz-vogna frå Oslo kjøper du billett på vanleg måte. Så sender du e-post til henning.lirhus@nsb.no med spørsmål om å få byta billett. Du må senda hentekoden på billetten din slik at den plassen du alt har kan avbestillast. Du får tilsendt informasjon om vogn- og plassnr. direkte.

God tur og velkomen!