Symbalisme

Olavi Louhivuori Foto: Ådne Dyrnesli Vossa Jazz 2018
Olavi Louhivuori

Olavi Louhivhori tok til scena i Festsalen med ”ur-musikalske” tonar, og pusta nytt liv i gamle musikalske tradisjonar som har lege på loftet i fleire hundre år.

Musikalske vindkast kom frå vest og frå nord, og kvart kviskrande pust førte bandet høgare opp i atmosfæren. Olavi og gjengen svevde under open himmel, med eit måpande publikum med på turen.

Med nordlysliknande gitarriff, trommerytmar som meteorkollisjonar, bass som lét tyngre enn svarte hol og saksofontonar frå ein annan galakse skapte bandet ein universell storm som drog sjølvaste Indra fram i dagen. Då Olavi og bandet kom glidane ned att ljoma applausen frå dei nyomvendte buddhistane i den fullsette festsalen.

Del gjerne!