Susanne Sundfør kjem til Vossa Jazz!

Foto: Stian Andersen

På den eine sida lagar ho kompromisslause album som dreg element av klassisk musikk, jazz, elektronika og kunstmusikk inn i ei verd av mørk, eksperimentell pop. Med dette skulle ein kanskje tru at Sundfør har ei smal lyttargruppe, men slik er det slettes ikkje: Alle elskar Susanne Sundfør.

Det siste året har ho for tredje gong laga ei plate som fauk til topps på VG-lista, samstundes som 5‘arar og 6‘arar haglar frå alle hald (The Guardian, Mojo, Dagbladet og VG for å nemne nokre). Under dei spektakulære konsertane hennar på årets Bergenfest og Øyafestivalen gav ho publikum gåsehud, bakoversveis og dansefot på same tid – Susanne Sundfør har aldri vore betre live. No skal ho på vårturné, og heldigvis legg ho turen innom Vossa Jazz. Ikkje gå glipp av Sundfør og det fantastiske bandet hennar!

Kjøp billettar hjå TicketCo.
Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

http://susannesundfor.com/

 

Del gjerne!