”Sundagen”

Dette var tittelen for ei etter artisten sine eigne ord ”spriltande” ny låt som satte stemninga for konserten i Fraktgodsen. Kåre Kolve sine komposisjonar kom verkeleg til rette i ramma som blei lagt av Espen Berg (piano) Jo Fougner Skaansar (kontrabass) og Magnus Forsberg (trommer). Som ein sann meister lot også Kåre Kolve dei andre få visa fram sine talent og feiande flotte rytmar spreidde seg blant publikum. Alt i alt var dette ein perfekt sundag ettermiddag.