Strålande resultat for Vossa Jazz 2008

Dagleg leiar Trude Storheim og styreleiar Magne J. Kalstad informerte om statusen for årets Vossa Jazz. Kalstad ville ikkje gje konkrete tal men kan stadfesta at billettsalet har auka frå sist år og budsjettet er i boks. Økonomisk balanse var utgangspunktet og dette vart oppnådd. Målet er å gradvis byggja opp ein solid økonomi over tid og med stødige sponsorar i ryggen kjenner styret seg trygt. – Skuta har definitivt snudd samtykkjer Trude Storheim som elles hadde berre godord å sei om avviklinga. Både musikalsk og stemningsmessig har helga vore heilt på topp. -Vossa Jazz-ånden er tilbake seier Storheim.